Ein somalisk kvardagshelt

Svart mamba er ein god debut egna til å utvide horisontar.

Roman
Nadifa Mohamed:
Svart mamba
Omsett av John Erik Frydenlund
Vigmostad Bjørke 2010

Nadifa Mohamed vart fødd i Somalia i 1981, og kom til London med familien sin i 1986. Debutromanen hennar Svart mamba frå 2010 er basert på livet til faren hennar i Aust-Afrika på 1930 og 40-talet. I prologen seier forteljaren: ”Jeg er min fars griot”, og ”griot” er Afrikas svar på vår norrøne skald. Dette set tonen for ein roman som er prega av truskap mot farens biografi og åtgaum for kva han gjekk gjennom som gutunge på leit etter faren sin, og som bakkemannskap i slaga mellom italienske og britiske styrkar på grensa mellom Sudan og Eritrea under 2. verdskrig. Det er mykje stoltheit i ei slik forteljing, og med god grunn.

Hovudpersonen Jama veks først opp hos ei overarbeidd mor som bur på nåde hos slektningar i Jemen. Då ho døyr, går ferda til familie i Britisk Somaliland, før han legg ut på leiting etter faren, som har reist til Sudan etter arbeid. Det er tøffe tak, men historia er prega av kunnskapen om at det går bra til slutt, noko som har lagt grunnlag for ei viss mytologisering av heile livet hans. Tittelen stammar frå ein hending då mora hans var gravid: Ein svart mamba kveila seg rundt magen hennar ein gong ho sat og kvilte. Dette tolka ho som eit lykketeikn, og svart mamba blei hennar kjælenamn på sonen.

Styrken og veikskapen
At materialet er dokumentarisk, er både styrken og veikskapen i romanen. Det blir ei lang reise der alle opplevingane som skal med òg kan bli narrative omvegar, og gir mindre rom for meir djuptgåande skildringar. Eit døme er når Jama ventar på å få innvilga pass i Alexandria, men så får det for seg at han skal søke jobb i Palestina. Han legg ut på ei strabasiøs reise kor han både blir fengsla og risikerer livet i ørkenen, berre for å ende opp attende i Alexandria nokre veker seinare. Nettopp der ligg realismen, for sånn kan det vere når vegen blir til medan ein går. Dermed får historia ei anna type interesse enn den perfekt utforma narrasjonen, og det er forfriskande å lese ei historie der ikkje kvar biperson og kvar hending har ein tydeleg narrativ funksjon.

Med den relativt nyinnvandra somaliske folkegruppa i Noreg, er det av spesiell interesse å lese ei bok med glimt av deira historie og kultur, til dømes korleis somaliarane hjelper kvarandre innad og nokre gongar på tvers av klantilhøyre. Boka tilbyr også eit tidsbilete frå ein spennande vinkel på 2. verdskrig.

Omsetjaren har hatt ein krevjande jobb, sidan den engelske originalen har innslag av ord frå somalisk, arabisk, hebraisk, urdu, hindi og amharisk. Mange av desse glosene er videreført i omsetjinga, og berre nokre omsett i ei eiga ordliste. Dermed kan forståinga til tider bli noko omtrentleg, utan at det forringar ein tekst som elles les godt. Har du ei historisk interesse som strekk seg utover Europas grenser, er dette ei bok du bør få med deg.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: