Oppløftande tragedier

Dette er noveller du ikkje kan gå glipp av!

Noveller
Alice Munro:
Rømlingen
Omsett av Kia Halling
Gyldendal 2006

Alice Munro er ein veletablert canadisk forfattar som nyt stor respekt, og ho har fått ei rekkje litterære prisar. Og har du ikkje lest noko av henne enno, har du mykje å glede deg til. Dette er rett og slett tekstar som gjer djupt inntrykk.

Livsnerve
Tittelen på den nye novellesamlinga, Rømlingen, er henta frå ei novelle om ei ung kvinne som først har rømt frå foreldra sine for å gifte seg, og som sidan prøvar å røme frå ektemannen. Men det å røme er eit motiv som går igjen i fleire av novellene. Vi møter både dei som rømer og dei som sit att, kva det kostar på begge hald, og kva ein misser når ein ikkje rømer. Det handlar om sjansar som kjem berre éin gong, om tilfeldige hendingar som formar eit heilt liv, og om korleis kunnskap eller mangel på kunnskap legg rammene for liva våre. I alle novellene er det kvinner som er hovudpersonane, og handlinga er ofte lagt til 1960-70-talet når dei er unge, eller nærmare vår tid når dei er gamle. Personane er ofte intelligente og akademisk skulerte, noko som pregar tonen i tekstane.

Det er ein uhyre sterk nerve i desse forteljingane, ein nerve som Munro legg bar med nokre få sikre og presise narrative grep. Eit døme: I novella Snart er den unge Juliet på besøk hos foreldra sine for første gong på fleire år for å la dei sjå den eittårige dottera. Mora hennar har vore sjuk i lengre tid, og er ikkje alltid like klar lenger. Så skal mora forklare Juliet at ho har funne ei slags tru:

”Jeg kan ikke beskrive den. Men det er – alt jeg kan si er – det er noe der. Det er et – vidunderlig – noe. Når jeg virkelig har det vondt – når det blir så ille at jeg – vet du hva jeg tenker da? Jeg tenker, det er greit. Jeg tenker, snart får jeg treffe Juliet.”

I eit glimt ser vi det savnet ho ber på, sjukdomen og smertene som dottera ikkje har hatt i tankane før i denne stunda, når ho står der i rommet hos mora. Og Juliet klarar ikkje å møte det. Ho snur og går ut.

Moderne tragedier
Alice Munro skriv kort og godt fantastiske noveller! På sett og vis utvidar ho sjangeren; ved hjelp av den klassiske novelleteknikken ”antydningens kunst” klarer ho å formidle like mykje innhald i eit tekst på 30–40 siden som andre brukar ein heil roman på å fortelje, og slik sett kunne ein nesten kalle dette for komprimerte romanar. Eller som forfattaren A.S. Byatt seier det på omslaget: ”de rommer hele livsløp (noe som burde krevd hele romaner)”. Samstundes er det ho skriv ein form for moderne tragediedikting; rystande, men sannferdig om livet, og i ei neddempa og udramatisk form tilpassa den rasjonaliserande moderne, vestlege kulturen.

Eg sit etter kvar novelle att med ei kjensle av å ha fått eit glimt av noko grunnleggjande sant, og difor på sett og vis heva over skiljet mellom ”trist” og ”lukkeleg”. Verknaden det har på meg er som ei blanding av kataharsis og aksept; eg får tragedien inn på livet og det rører meg, samstundes veit eg at det er slik det er, i alle liv finst det liknande historier. Det kjennest viktig, både det eg har lest og dei historiene eg sjølv kjenner til som Munro sine tekstar minner meg om. Og det å lese så gode tekstar er oppløftande i seg sjølv.

Ein sterk assosiasjon går til den nydelege canadiske filmen The Sweet Hereafter frå 1997, basert på ein roman av Russel Banks. Det er noko med det kvardagslege i tragedien eller det tragiske i kvardagen, livet som flyt vidare og ein understraum av melankoli som eg aldri har gløymt, og som eg blir mint på av desse tekstane.

Omsetjinga som Kia Halling har gjort er svært god. Ein formalitet er at ei av novellene, Vår skyld, faktisk manglar i innhaldslista i byrjinga av boka, men det får forlaget ta skulda for. Uansett – les denne boka! Det vil du ikkje angre på.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: