Leselykke

Noveller
Alice Munro:
For mye lykke
Omsett av Aase Filseth Gjerdrum
Gyldendal 2010

Alice Munro går i velkjent terreng i den nye novellesamlinga si, likevel viser ho igjen for ein suveren forteljar ho er.

Alice Munro har skrive fantastiske noveller i 42 år, heilt sidan debutboka Dance of the Happy Shades (1968). Eg oppdaga henne først då eg meldte Rømlingen i 2006, og sidan har ho vore den forfattaren eg oftast har plukka fram. Den forrige utgjevinga på norsk, Utsikten fra Castle Rock (2008) vart uventa nok ein liten nedtur, mest av di mykje av motiv og tematikk – som uttalt var henta frå hennar eige liv – var brukt før i fiksjonaliserte variantar. Men med den rykande ferske samlinga For mye lykke er leselykka tilbake for fullt: Munro er ein suveren forteljar.

Gammalt og nytt
Det manglar ikkje på velkjente karakterar og motiv her heller: Mora som har mista borna sine, ved dødsfall eller ved at borna reiser sin veg. Den unge kvinna som har fått stipend for å studere i byen. Barn som opplever intense kjensler av vennskap og uvennskap. Men kvar forteljing er ladd av innsikter og nye tematiske vriar, og den diskrete, men distinkte forteljarstemma skildrar på utsøkt vis akkurat dei detaljane ein treng.

Her er òg nye karakterar og motiv. Hovudpersonen i Tre er ein mann som blir lidenskapeleg oppteken av å drive vedhogst i skogen etter at kona hans har glidd inn eit langvarig tungsinn. Den totalt udramatiske og tilfeldige måten dei to finn tilbake til kvarandre på, er typisk for Munros originale og innsiktsfulle blikk. I Fiksjon møter vi ein aldrande lærar som uventa finn ei skildring av seg sjølv i ei forteljing skrive av ei jente som ein gong hadde ei birolle i hennar eige, private drama. Metaperspektivet dette gir forfattargjerninga er elegant turnert, og samstundes seier novella noko om å bli gammal og ikkje ha hovudrolla lenger.

Personleg lesing
Men kva er det som gjer Munro heilt spesiell? For meg kjennest det å lese Munros noveller nesten som å lese om mitt eige liv. Ikkje fordi eg har opplevd det same som hovudpersonane, eller fordi miljøa og karakterande liknar dei eg kjenner frå mitt eige liv, sjølv om det nokre gongar er tilfelle.

Årsaka er noko eg trur fleire kan kjenne seg igjen i: Likskapen mellom Munro historier og episodar som har vorte viktige minner frå mitt liv, er at dei fangar små hendingar i kvardagslivet som heilt uventa gir konkrete, men subtile uttrykk for noko av meir varig, men vanlegvis skjult karakter; personlegdom, kjensler, relasjonar, grunnleggjande verdiar eller gamle traumer.

Spesielt gjeld det skildringar frå barndoms- og ungdomstid. Sjølv om kvart møbel i huset, kvar krok i hagen og kvar trivielle vane i barndommen var unik og spesiell fordi han var ein del av mi verd, var det enkelte situasjonar som gjorde ekstra sterkt inntrykk. Eg visste ikkje kvifor, men observerte og lagra minnet om omgjevnadane, menneska og orda som blei sagt for seinare avkoding – sjølvsagt utan å vere medviten at det var det eg gjorde. Når eg går inn i scenene Munro manar fram, kjennes det som å komme inn i eit slikt minne, som eg no er i stand til å lese underteksten i. Det er augneblinkar som hjelper meg å skjøne noko, og dermed å komplettere historia, kanskje mi historie, kanskje historia til nokon andre.

Lesinga av Munros noveller både aktiverer mine private minner, og kallar fram kjensler lik dei eg har for desse minna. Ikkje berre nostalgi, men kjensla av at dette er noko av stor verdi for meg. Som resultat ber eg med meg enkelte av historiene hennar som om eg har opplevd dei sjølv, og kanskje har ho påverka korleis eg minnest mitt eige liv. I så fall har det nok vorte ei betre historie.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: