Språkleg fyrverkeri på mørk grunn

Noveller
Hans Herbjørnsrud:
Vi vet så mye
Gyldendal 2001

Hans Herbjørnsrud skaper kunst av det norske språket som få andre. Han er også ein av dei som pløyer djupast tematisk. I den nye samlinga Vi vet så mye ber det inn i skogen og ned i jorda både i bokstaveleg og overført tyding.

Sidan debuten i 1979 har Herbjørnsrud no gitt ut seks novellesamlingar, og er dermed ikkje blant våre mest produktive forfattarar. Di større hending er det når han kjem med ei ny bok. Han skildrar gardsliv og natur frå sine heimlege trakter, og dette pregar både biletbruken og hendingane i novellene. Dei tre novellene i den nye samlinga er gourmetmat for alle språkelskarar. Kvar novelle har eit originalt, frodig og symboltungt språk som må nytast og fordøyast sakte, og kvar novelle presenterer nye smakar. Alle tre novellene blir presenterte som indre monolog eller første persons-forteljing, kor samanhengane gradvis blir avdekte. Felles er også ein tematikk som utforskar kreativitetens kjelder, og lys og mørker vert spela ut mot kvarandre så det stundom slår gnistar.

Språket er fullt av lite kjente ord eller dialektord som for eksempel «olle», «dulp», «siprer» og «sarret». Som regel forstår ein som lesar kva orda tyder ut i frå samanhengen, og eg synes det er flott at Herbjørnsrud på denne måten bidreg til å bevare rikdomen i det norske språket. Dette og poetiske ordsamanstillingar er ei ekstra gulrot for den som er glad i ord. Sjølv har eg fått eit nytt yndlingsord etter å ha lest novella «Gjesterommet 1966»: Humlehonninglys. Hovudpersonen Anna på 88 år ligg for døden, og ho tenker tilbake på eit langt liv med ein stor løyndom og ei fargesprakande innbildningskraft. Her er ho attende i kornåkeren der ho oppdaga at det er ei sol i jorda som strålar ut i kornaksa:
Vepselyset surret iltert. Men lyset som kom nede fra sola i jorda, brummet dorskt og bamsete. Det var et humlelys, et eldgammelt tungt humlehonninglys som bare så vidt klarte å pine seg opp av marken før det futtet godmodig ut i et dryss av gnister i jentungehøyde over henne der hun lå.
    Jordlyset summet og sang ikke nytt og friskt som sollyset. Det mullet mørkt og mumlet noe som var så alderdommelig at ingen lenger kunne ha erindringer om det. Ja, humlelyset var eldre enn alt i hele verden, mye eldre enn den øyelokkløse himmelsola og de glippende stjernene.

I den andre novella «Vi vet så mye», pløyer Herbjørnsrud djupt i ei skildring av naboskap og arva liding. Også her er jord og røter sentralt i tematikken. Forfattaren byggjer opp spenning ved forhaling og ein raffinert ukronologisk forteljarteknikk, og historia har mange lag. Utsegna «Vi vet så mye» vert i samanhengen i novella supplert slik: «Vi forstår så lite». Litt seinare heiter det: «Jeg skriver for å forstå det jeg vet». Det kan kanskje vere uttrykk for Herbjørnsrud sin poetikk eller program for skrivinga. Sikkert er det at han forskar i det som er vanskeleg å ha sikker viten om; våre forsvarsmekanismar, korleis vi reagerer under press og overføring av angst og skam frå tidlegare generasjonar.
I den tredje novella, «Bent Klyvers lyseste besettelse», møter vi journalisten som er i ferd med å misse grepet på sin eigen kvardag, sin eigen psyke og sine eigne handlingar. Denne er vanskelegare tilgjengeleg og ikkje like umiddelbart appellerande som dei to første novellene. Språket er til dels rått, og ein del biletbruk direkte ufjelg, men det må til for å skildre hovudpersonen. Denne novella krev som dei to andre ein del tankeverksemd, og det kan nok ta tid å lodde djupna, men umiddelbart glimtar ikkje språket og historia til like sterkt her som i dei to første novellene.
        Uansett er denne novellesamlinga eit udiskutabelt høgdepunkt denne bokhausten, og om du vil kjenne til morgondagens norske litterære kanon er det berre ein ting å gjere. Les!
Teksten vart første gong publisert i Vårt Land i 2001

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: